Aktuelt
På loftet i borgstova i Svendsengarden i Ørsta har det i lengre tid vore oppbevart ei lita samling fjøler med måla dekor, som skal ha sitt opphav i den gamle stavkyrkja i Ørsta.
Etter avtale med Ørsta kommune var fagfolk frå Viti i Svendsengarden og henta desse, for å sikre at dei verdifulle kulturhistoriske objekta vert tekne vare på for ettertida.
Samlinga består av fleire fjøler av ulik lengd og dimensjon med bibelsk dekor på eine sida og nyare golvmåling på andre sida.
Nokre av fjølene er rydde med øks på baksida og sletthøvla på dekorsida, andre er saga. Fjølene er høvla med not og fjør, og nokre har ein høvla prydstrek.
Dei fleste av fjølene er saga på oppgangsag, med tydelege sagspor. Oppgangssaga kom til Sunnmøre tidleg på 1500-talet, noko som angir ei grense for datering bakover i tid.
Stavkyrkja i Ørsta
Stavkyrkja i Ørsta var av den såkalla «møretypen». Desse utmerka seg særleg ved å vere store, breie og låge.
Dei største stavkyrkjene som er registrert i Noreg er alle av møretypen, og Ørstakyrkja var ei av desse.
Vi veit lite om stavkyrkjene på Sunnmøre frå tidleg- og høgmellomalder. Stavkyrkja i Ørsta er først omtalt i 1385 og i 1432, då som «Den heilage Krossen si kyrkje», altså vigsla til Kristi kross.
I 1686 gjennomførte stiftsskrivaren i Bergen bispedøme, Henrich Garmann, synfaringar i alle kyrkjene på Sunnmøre. Kyrkja i Ørsta vart då omtalt som «een Stafue og Kaars Kirche» som var «meget brøstfeldig».
Bygdefolket i Ørsta sørga nokre år seinare for å sette kyrkja i stand, og i 1699 fekk dei utsmykka den med figurmåling av ulike bibelske motiv. Eit minne om dette finst framleis i dagens Ørsta kyrkje, i det såkalla «Bondeepitafiet».
Hans Strøm meinte utsmykkinga var eit vellukka arbeid, og skreiv dette om kyrkja i Sunnmørsbeskrivelsen sin frå 1769: «invendig meget vel prydet med maling, forgylding og billdehuggerverk, især hvad altertavlen angaar, saa at den med billighed bør ansees for en af vore smukkeste kirker».
Om lag hundre år seinare var det imidlertid slutt for stavkyrkja i Ørsta. I 1864 vart den riven, og ei ny kyrkje vart reist like ved den gamle tomta.
Nyeskulen i Ørsta
Same år som den eldgamle stavkyrkja vart riven, skulle det byggast ny skule i Ørsta.
Etter skulelova av 1860 skulle det byggast faste skulebygningar i alle bygder som erstatning for omgangsskulen, der læraren hadde gått frå bygd til bygd og undervist borna i heimane til folk.
Nyeskulen i Ørsta, Velle skule, vart delvis bygd med material frå stavkyrkja. Slik gjenbruk har vore svært vanleg, og andre deler av stavkyrkja hamna på ulike gardar i Ørsta som bygningsmateriale.
Fjølene frå Svendsengarden har tydelege spor etter gjenbruk. På framsida er målinga bevart, slik at vi kan ane korleis deler av kyrkja har vore utsmykka. Men det som var baksida av fjølene blei framside.
Dei vart høvla og måla med golvmåling, og dei har spor etter det som kan ha vore faste benkar eller pultar. Vi ser òg tydeleg slitasje etter mange føter, og kan dermed slå fast at desse fjølene har vore snudde og nytta som golvbord i den nybygde Velle skule.
Sunnmørsk kulturhistorie
Ingen av stavkyrkjene på Sunnmøre er bevarte, berre enkelte bygningsdelar finst framleis.
Veggborda frå Ørsta stavkyrkje er ein liten bit sunnmørsk kulturhistorie som er med på å fortelje oss om livet i ei for oss fjern fortid.
Forfatta av: Torbjørn Akslen, historikar.