Støtte til ny fleirbrukssal

Stiftinga Viti har fått 100 000 kroner i TEFT-midlar frå Sparebanken Møre til bygging av ein ny fleirbrukssal på Sunnmøre museum. Det er eit etterlengta løft for både lokalmiljøet og aktivitetstilbodet ved museet.
Museet har lenge mangla eigna lokale til innandørs arrangement. No ligg alt til rette for meir liv og aktivitet gjennom heile året, med rom for verkstader, konsertar, teater, kurs og foredrag.
– Dette betyr mykje for oss. Når dette er på plass kan vi opne dørene endå meir for lokalmiljøet, seier avdelingsdirektør i Viti, Ingvil Eilertsen Grimstad.
Den nye salen er ein viktig del av satsinga på å gjere museet til ein inkluderande møteplass. Særleg barn og unge vil få fleire moglegheiter til å delta, utforske og skape – i trygge og tilpassa omgjevnader. Her kan dei både oppleve kunst og kultur, og vere med på å forme tilbodet sjølve.
Fleirbrukssalen blir universelt utforma og skal vere open for alle. Prosjektet er utvikla i samarbeid med skular, barnehagar, frivillige lag og kunst- og kulturmiljø i regionen.
– Vi ønskjer å bygge levande lokalsamfunn. Med denne satsinga gir vi barn og unge betre tilgang til kultur – og ein plass der dei høyrer til, seier Grimstad.
Viti takkar Sparebanken Møre for støtta, som vil få stor betydning for vidare utviklinga av museet som ein aktiv og inkluderande møteplass for heile regionen.

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no