Aktuelt

Skulekvardagen er i gang

Skulekvardagen er godt i gang – og det merkar også musea i Viti. No fyllest hus, tun og utstillingar med ivrige elevar og studentar.

– Denne første skulemånaden har mange elevar og studentar funne vegen til musea våre. Det er inspirerande å sjå kor ulikt skulane bruker musea – til kunnskap og historie, men også til undring, aktivitet og nye idear, seier Ingvil Eilertsen Grimstad, avdelingsdirektør for kulturhistorie og Benedikte Holen, avdelingsdirektør for kunst og design i Viti.

Viti har tilbod til alle skuletrinn og innanfor mange ulike tema knytte til læreplanen, fag eller studieretning. Nokre skular kjem til ferdige formidlingsopplegg, medan andre bruker museet som utgangspunkt for eigne prosjekt og utforsking.

Ytre kunstfagskole nyttar Jugendstilsenteret og KUBE som ein aktiv del av læringsmiljøet sitt. Også ungdomsskulane finn vegen hit. Ved starten av skuleåret kom eit heilt trinn frå Brattvåg ungdomsskule på besøk, og denne veka kjem 50 elevar frå Sula ungdomsskule.

Borgund videregående skole samarbeider med Sunnmøre museum under årets Innovasjonscamp. På Naturmuseet er utstillinga «Nordisk natur» eit resultat av eit elevprosjekt ved Sykkylven ungdomsskule, medan Ørsta ungdomsskule har brukt Brudavolltunet som arena for prosjektet «Innsats for andre».

– Dette viser kor mange moglegheiter som ligg i musea som læringsarena – både for å bli kjend med kunst- og kulturarven vår og for å reflektere over kva han er og betyr for oss i dag, seier Grimstad og Holen.

Stadig fleire skular planlegg museumsbesøka for heile skuleåret og har allereie tinga plass på ulike formidlingsopplegg gjennom hausten, vinteren og våren.

– Vi gler oss til eit skuleår med mykje aktivitet og mange gode møte med elevar og studentar. Og vi har plass til fleire, avsluttar Grimstad og Holen.