Aktuelt
Rykande fersk! Tidsskriftet Gavlen er laga av frivillige og tilsette i Viti, og her kan du lese både fagstoff og om det som skjer på musea. Gavlen har vore meldeblad for Sunnmøre museumslag sidan 1980.
Frå i år, 43. årgang, er også dei andre frivilliggruppene kome med: Ørsta bygdemuseumslag, dugnadsgruppa Storeggen. Helands vener, Møbelmuseets vener og Naturmuseet sine vener.
Mykje kjekt å lese. Gratis for dei frivillige. Kr. 40 i laussal ved museumsbutikkane våre.