Aktuelt

Ny samlingsforvaltar i Viti

Birger Ekornåsvåg Helgestad. Foto: Privat
Birger Ekornåsvåg Helgestad. Foto: Privat

Viti har tilsett Birger Ekornåsvåg Helgestad som samlingsforvaltar.

Helgestad er førstekonservator NMF med ein doktorgrad i arkeologi frå University College London (UCL).

Han har omfattande museumserfaring frå The British Museum i London, Nordiska museet i Stockholm, Museum Nord, Norsk industriarbeidermuseum og Kulturhistorisk museum i Noreg. Helgestad har arbeidd med forsking, samlingsforvaltning, formidling og leiing, og har erfaring frå eit breitt spekter av samlingstypar, frå arkeologisk og kulturhistorisk materiale til industrihistoriske anlegg.

– Med Birger Helgestad får vi høg fagleg kompetanse og brei erfaring inn i organisasjonen. Dette er ei viktig styrking av samlingsforvaltninga i Viti, og arbeidet vårt med å ta vare på og gjera samlingane tilgjengelege for framtida, seier administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

– Eg ser fram til å bidra til utviklinga av samlingsforvaltninga i Viti i samarbeid med engasjerte kollegaer, seier Helgestad.

Helgestad får arbeidsstad på Sunnmøre museum, i kulturhistorisk avdeling, men skal jobbe med alle samlingane i Viti. Han startar i jobben i august.