Ny museumsarbeidar i Viti

Annelén Terjesdatter Smedstad (42) er tilsett som museumsmedarbeidar ved Anders Svor-museet frå juni 2026. Ho skal jobbe med varierte museumsfaglege oppgåver, med hovudvekt på vertskap, formidling, arrangementer og marknadsføring.
Smedstad kjem flyttande til området frå Innlandet. Ho har ein Bachelor i drama og teater frå Høgskulen i Volda, og er undervegs i ein Master of Arts i kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.
Ho har brei formidlingserfaring og har vore ungdomskonsulent, fagkoordinator på fritidsfeltet og kulturarbeider. Ho kjem til stillinga frå rolla som rådgivar i Human-Etisk Forbund.
– Med Annelén Terjesdatter Smedstad får vi ein medarbeidar med eit stort engasjement for kunst- og kulturfeltet, og ei brei formidlingserfaring. Vi gler oss til å jobbe saman med Annelén for å utvikle eit utvikle eit aktivt publikumstilbod retta mot både lokalsamfunnet og tilreisande, seier avdelingsdirektør ved avdeling for kunst og design i Viti, Benedikte Holen.
Smedstad gler seg til å ta fatt på arbeidet i tida som kjem:
- Jeg er glad for denne muligheten og ser veldig frem til å starte i jobben. Jeg gleder meg til å møte både besøkende og nye kollegaer, og til å bidra i arbeidet med å utvikle museet videre. Særlig vil det bli spennende å arbeide med formidlingsopplegg som kan gi flere et nærere forhold til kunsten og historien til Anders Svor, seier Annelén Terjesdatter Smestad.

Anders Svor-museet, Volda
Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet, og rommar fleire av bilethoggaren sine viktigaste arbeid.

Benedikte Holen
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kunst og design
976 81 666 / benedikte@vitimusea.no