Ny kurator ved Møbelmuseet

Eva Furseth (55) er tilsett som ny kurator ved Møbelmuseet i Sykkylven. Ho byrjar i stillinga i oktober 2026 og blir ein del av avdeling for kunst og design i Stiftinga Viti.
Furseth er kunsthistorikar og kjem til Viti frå Justismuseet i Trondheim, der ho har jobba i fleire år.
Ved Møbelmuseet skal Furseth arbeide med kunnskapsutvikling, samlingsarbeid og formidling av Viti si møbelsamling med særleg vekt på norsk møbeldesignhistorie og den sterke møbeltradisjonen på Sunnmøre.
- Eva Furseth har ein solid kunst- og kulturfagleg kompetanse og brei erfaring frå museumsfeltet. Den kunsthistoriske bakgrunnen hennar, kombinert med erfaring frå både museum, kunstkritikk og som forfattar er verdifull for Møbelmuseet og Viti, seier avdelingsdirektør for kunst og design i Viti, Benedikte Holen.
- Eg gler meg til å begynne ved Møbelmuseet i Sykkylven etter mange år ved Justismuseet i Trondheim. Dette er eit fagfelt som ligg tettare opp mot utdanninga mi som kunsthistorikar. Eg ser også fram til å kunne byggje vidare på erfaringane frå Justismuseet og samarbeidet med NTNU. Det kjennest ekstra fint å flytte attende til heimtraktene. Eg voks opp i Valldal og har både kjæraste og slekt i Sykkylven, seier Eva Furseth.
- Eg er svært glad for å få Eva inn i rolla som kurator i Viti. Vi ser fram til at ho skal bidra til å utvikle ny kunnskap om samlingane og til å formidle møbelhistoria for eit breitt publikum, avsluttar Holen.
- Avdeling for kunst og design i Viti består av Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Anders Svor-museet i Hornindal og Møbelmuseet i Sykkylven. Museet har eit nasjonalt ansvar for jugendstilen, Anders Svor sin kunst og kunst knytt til Møre og Romsdal. Viti er det konsoliderte regionmuseet på Sunnmøre og er den største kulturarbeidsplassen mellom Bergen og Trondheim.