Aktuelt
Julebakst, juleverkstad, juletre, julesong, julestemning! Vi har hatt mange og kjekke førjulsaktivitetar for heile familien på fleire av musea våre.
No gler vi oss til ei eventyrleg familieomvising og julefuglverkstad på Jugendstilsenteret og KUBE laurdag 16. desember, og for deg som vil ha ei ekstra utfordring - lær å brette din eigen origamifugl!
Vil du lage ditt eige jugendpepperkakehus? Jugendstilsenteret har laga tre mønster med utgangspunkt i husa i Ålesund, som du kan lage heime hos deg sjølv, akkurat når du vil. Les meir og last ned mønster her.
Vi gler oss til ei fin førjulstid saman med deg!