Aktuelt

Jubel for midlar til ny fleirbrukssal

En dame står foran inngangen til Sunnmøre museum med armene løftet. Bygget har trepanel, store vindusflater og skilt ved inngangen. Sollys over området og steinmur med beplantning i forgrunnen.
Avdelingsdirektør Ingvil Eilertsen Grimstad ser fram til å kunne ønskje publikum velkomen til opning seinast hausten 2027. Foro: Viti

Det er stor glede ved Sunnmøre museum etter at Kultur- og helseutvalet i Møre og Romsdal løyvde 926 000 kroner i spelemidlar til den nye fleirbrukssalen ved museet. Løyvinga gjer at prosjektet no kan realiserast og bygginga setjast i gang.

- Med den nye salen får vi eit moderne og fleksibelt samlingspunkt som opnar for nye moglegheiter, både for museet, dei frivillige og regionen, seier avdelingsdirektør i Viti Ingvil Eilertsen Grimstad.

Ombyggingsprosjektet har ei kostnadsramme på 2,8 millionar kroner.

Prosjektet er dermed eit flott spleiselag mellom Stiftinga Viti, Kulturraadet, TEFT Sparebanken Møre, Sunnmøre museumslag og Møre og Romsdal fylke.

- Sunnmøre museum er den største kulturmøteplassen i fylket med omlag hundre tusen besøkjande årleg. Vi har fleire aktive frivillige lag som brukar museet kvar veke til ulike arrangement. No styrker vi museet som ein lokal møteplass, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Den nye fleirbrukssalen skal gje rom for aktivitetar gjennom heile året. Salen skal kunne nyttast til verkstader, foredrag, kurs, konsertar, teater, undervisning og andre arrangement for publikum i alle aldrar. Salen vil ha universell tilkomst og vere open heile året.

– Vi er svært takksame for støtta frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Denne tildelinga gjer at prosjektet kan realiserast, og vi ser fram til å kunne ønskje publikum velkomen til opning seinast hausten 2027, seier Grimstad.