Herøy kommune signerer avtale med Viti
Kommunestyret i Herøy har inngått avtale om museumssamarbeid med Stiftinga Viti.
- Kommunestyret har vedteke å inngå ein samarbeidsavtale med Stiftinga Viti som skal styrkje arbeidet med kulturarven i heile Herøy. Avtalen tek vare på kommunalt eigarskap og byggjer vidare på det frivillige engasjementet som er viktig for lokalsamfunnet, seier ordførar i Herøy kommune, Ann-Kathrin (Tine) Storøy.
Herøy kommune og Stiftinga Viti har i lengre tid arbeidd med å få på plass ein samarbeidsavtale for kunst –, natur- og kulturarven i Herøy kommune. No har kommunestyret og regionmuseet kome saman i ein avtale.
- Vi ynskjer Herøy varmt velkomen til samarbeid om museumstenester. Herøy har ein rik, viktig og spennande kulturarv, seier administrerande direktør i Stiftinga Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Avtalen inneber ikkje drift eller forvalting av Herøy Gard og jekta Anna Olava.
- Viti rådgjer kommunen om denne delen av kulturarven, som framleis skal vere i kommunalt eige, seier Rotevatn.
Avtalen inneber formidling, forvalting og forsking på kulturarv i Herøy. Det inneber også at skulane vil få tilbod om museumspedagogiske opplegg.
Styreleiar i Stiftinga Viti, Jon Aasen, er svært godt nøgd med avtalen.
- Kulturarven kjenner ingen kommunegrenser. Eit sterkt regionmuseum forvaltar ikkje berre historia vår, men kjem samtida og framtida til gode, seier Aasen.
Han rosar kommunen for godt forarbeid med avtalen.
- No har vi arbeidd konstruktivt og målretta med det beste for kulturarven som mål, framhevar Aasen.
- Samarbeidet med Viti gir oss tilgang til sterke fagmiljø innan kulturhistorie, kystkultur og museumspedagogikk. Det betyr betre formidling, meir forskingsbasert kunnskap og konkrete tilbod til skule og lokalsamfunn, seier kulturleiar i Herøy kommune, Julianne Auberg Hauge.


