Elevar viser linotrykk

«Nordisk natur» var tittelen på kunst og handverk-oppgåva som elevane i 10.klasse ved Sykkylven ungdomsskule fekk i haust. No kan Naturmuseet i Sykkylven vise over 80 av desse linotrykka.
Tysdag 9. juni var faglærar Kari Henriksen og elevrepresentantar frå kvar av dei fire klassene med på opninga av utstillinga.
– Vi er veldig imponert over det elevane har fått til, og takknemlege for at tekstilkunstnar Marit Akslen ville ta på seg arbeidet å montere dette, seier Magnhild Vatne, formidlar i Viti. - Dette vart rett og slett vakkert.
Marit Akslen gav elevane strålande tilbakemeldingar på det flotte arbeidet. Ho stod fritt til å gjere eit utval for å presentere prosjektet, men vart så imponert av alle, at alle måtte vere med. Og det har ho gjort på ein uttrykksfull måte.
Faglærar Kari Henriksen fortalde om utfordringar elevane har stått i med å både tenkje motiv og teknikk i arbeidet med linosnitt.
– Å bruke Naturmuseet til inspirasjon var veldig bra, slik kunstnarar må ut for å hente inspirasjon, seier Henriksen.
Ho fortel vidare at sjølve trykkeprosessen har vore lærerik for elevane, der dei har arbeidd med svart sverte, men også fleire fargar. Dette har resultert i ein fantastisk variasjon i dei ferdige trykka.
Utstillinga står fram 16. desember 2026.
