English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Aktuelt

 Demokratiberedskapen i det frie kunst- og kulturfeltet!

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Adm. og leiing: Administrerande direktør

+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no

Då Totalforsvarskommisjonen la fram den offentlege utgreiinga med tittelen «Nå er det alvor. Rusta for en usikker framtid», hadde kultursektoren si rolle i totalforsvaret forsvunne. Det må vi seie var eit pinleg arbeidsuhell.

Då Regjeringa i januar 2025 la fram stortingsmeldinga som tek utgangspunkt i utgreiinga, var kulturen på plass igjen der han høyrer heime. Som ein del av totalforsvaret og vår beredskap.

Vanskelegare å måle
Samfunnsmedisinaren Magne Nylenna og direktøren for Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, Cecilie Daae, skriv ein kronikk i Dagens Medisin at kunst og kultur er avgjerande i krisetider. Kulturen skaper motstandskraft i befolkninga, skriv Daae og Nylenna, kultur bind oss saman og kultur bidrar til å sitat: «bære når alt brister».

Når livreima skal strammast i offentleg sektor, er det lett å tenke på profesjonell kunst og kultur som ein mjuk verdi, der det får få eller ingen følgjer om ein kuttar budsjettet, reduserer opningstida på biblioteket, skjer ned på timar i kulturskulen eller fjernar stipendet til kunstnarane.

Kultur verkar seint, og det er vanskelegare å måle enn andre offentlege tenester og oppgåver. Heller ikkje alle verdiar i samfunnet skal eller bør målast. Det er vanskeleg å seie kor mange prosent breiare perspektiv du fekk på verda av å lese ein roman, eller kor mykje meir samfunnskritisk du vart av å sjå på ein kunstinstallasjon.

Handlar om meir enn jagarfly
Mykje av det som er verdifullt i både livet og for samfunnet, ser ein først når det er borte. Den nye stortingsmeldinga tek inn over seg at det å leve saman på jorda i trygge rammer handlar om meir enn jagarfly, naudproviant i kjellaren og cyberforsvar.

Ein treng ikkje ein gong å forlate Europa før ein ser mykje av retorikken som ligg i botnen krigen mellom Ukraina og Russland. Er ukrainarane eigentleg russarar? Er Ukraina eigentleg eit land? Er ukrainsk eigentleg eit språk? Finst det eigentleg ein ukrainsk kultur?

Mange kjem aldri til å gløyme sprenginga av Bamian-statuane i Afghanistan i 2001. Dei 1500 år gamle statuane som var eit uvurderleg verk i verdas kulturhistorie, vart sprengde i fillebitar som ein del av den væpna konflikten i landet. Fordi statuane var «feil». Det å bryte ned identiteten til befolkninga, er eit gamalt, men effektivt triks i krigshandboka.

Det som gjer oss til oss
Kultur handlar mykje om identitet, kven vi er og kva som er vår historie, det som gjer oss til oss. Det vil seie levemåtar, seiemåtar, skriftspråk, tradisjonar, normer og kulturell praksis, gjenstandar, landskap og bygningar. Under andre verdskrig mista Polen det meste av kulturarven sin. Bygningar, kulturhistoriske gjenstandar, bøker, samlingar og kunst vart bomba, brent, stelt og selt. Kulturarbeidarar og kunstnarar vart jakta på.

Dei siste åra har den polske staten brukt mykje midlar på å kjøpe tilbake det som ikkje er øydelagt, og setje i stand museum og galleri, for å ta tilbake det som er polsk kultur. Då Viti var i Taiwan på forskingskonferanse var dette eit stort og viktig tema og Taiwan-spørsmålet fortener meir merksemd også i Noreg. Våre polske kollegaer fortalde om ei satsing på eit bombesikkert magasin for kulturarven som no er under oppføring. De må vere veldig urolege i Noreg, som deler grense mot Russland, spurde kollegaene frå Polen. Det er lett å tenke på vår eigen kultur og kunst som noko sjølvsagt og kunnskap om å vareta den som noko som alltid er tilgjengeleg. Uavhengige og kritiske kunst – og kulturuttrykk, heng saman med, og utviklar demokratiet.

Flau sisteplass
For Møre og Romsdal sin del, som er heimfylket til stiftinga eg leiar, har fylket den flaue sisteplassen i landet når det gjeld talet på kunstnarar og kulturarbeidarar. Det er urovekkjande. I løpet av vinteren skal Stortinget vedta den reviderte kulturlova. Her kjem ei særs viktig og etterlengta presisering om armlengds avstand i kultursektoren. Verdshistoria er full av døme på korleis styresmakter har påverka kultur og gripe inn i kulturarbeidarar sitt faglege arbeid. No vert armlengds avstand skrive inn i lova.

Kulturlova, saman med debatten som kjem i kjølvatnet av regjeringa si stortingsmelding om totalforsvaret, vert viktig. Kva som er «oss» og «vår kultur» er ein diskusjon som lett kan hamne på ville vegar. Desse definisjonane vil vere noko heilt anna i det moderne Noreg enn det var rundt 1814. Noreg er eit moderne samfunn i verda og ny kunnskap av kva kunst og kultur er, korleis den oppstår, utviklar seg og vert bevart, er ein del av den pågåande samfunnsdebatten. At sprengkrafta i kunst og kultur er stor, treng vi ikkje gå lenger enn til lokalavisa sine kommentarfelt for å få stadfesta.

Kunst og kultur er noko heilt anna og mykje meir enn ein mjuk koseverdi i fredstider.