Aktuelt
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no
Regionmuseet Viti fekk svært gode besøkstal i 2022. Med nærare 300 arrangement på Sunnmøre kunne museumsstiftinga klokke inn meir enn 104 000 gjester på musea. - Eit breidt og fagleg sterkt tilbod trekte publikum til musea våre, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Etter to harde år med korona vende publikum attende til kulturinstitusjonen Viti i 2022. Dei ti arenaene i Stiftinga sette fleire publikumsrekordar i 2022. Mellom anna på dei tradisjonelle førjulssøndagane våre, der både Brudavolltunet i Ørsta, Sykkylven naturmuseum, Fiskerimuseet og Sunnmøre museum i Ålesund hadde publikumsrekord, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
Også samlingsutstillinga "Dyrebare tilskudd" på Jugendstilsenteret og KUBE var godt besøkt, der publikum fekk sjå nyinnkjøp til samlinga frå dei siste to åra. På Sunnmøre museum opna den nye basisutstillinga “Eg var her”. Det var ei viktig fornying som også skapte stor interesse og engasjement. - Med 287 arrangement har publikum hatt mykje å velje i, og vi har hatt eit kjempegodt samarbeidd med dei frivillige. Det har vore heile ti nye utstillingar i Viti i året som gjekk, fortel Rotevatn.
Viti opna ny nettstad i 2022 og fekk ein svært stor auke i besøk av den digitale gjesten. I året som gjekk har det vore satsa stort på digitalt innhald og opplevingar. Viti hadde ein auke på meir enn 100 000 sidevisningar, samanlikna med året før.
- Den målretta satsinga på unge målgrupper gjer at vi må vere tilstades på dei digitale plattformene. Den nylege publiserte jugendstilrettleiaren er eit godt døme på korleis vi formidlar fagkompetansen vår breitt ut digitalt, seier Rotevatn.
For å styrke god ivaretaking av den kulturhistoriske bygningsarven har Viti sett opp eit eige sagbruk på Sunnmøre museum. Her hentar vi ut den materialen vi til ei kvar tid treng frå nærområdet, noko som er god ressursutnytting i eit berekraftsperspektiv.