Årbok for Sunnmøre 2026, 102. årgang

Årbok for Sunnmøre 2026 famnar breitt. Vi feirar vitskapsmannen Hans Strøm (1726 - 1797) og byr på lokalhistorisk nybrottsarbeid om andre verdskrigen og ei av mellomalderkyrkjene på Borgund.

ARTIKLAR

Hans Strøm skildrar plantelivet i prestegjelda på Sunnmøre
av Ingar Pareliussen

Floghavre var eit problem for enkelte gardbrukarar i Stranda sokn, kring 1750. Denne er frå Giske, samla av R.E. Fridtz i 1907. (Oslo V-578252). CC-BY-4.0

Visste du at presten Hans Strøm (1726–1797) frå Borgund var ein av Noregs fremste biologar på 1700-talet?

Boka hans, Søndmørs beskrivelse, blei til under lange fotturar i det sunnmørske landskapet, og han var særleg oppteken av plantar. I artikkelen gir biologen Ingar Pareliussen oss eit glimt av korleis naturen var på 1750-talet, og kanskje også kva som har endra seg.

Lappologen frå Lepsøya
av Kjetil Tandstad

Samisk mann og kvinne i kufter med dekorative detaljar. Illustrasjonar av Johannes Rach (1720-1783), henta frå boka Samisk liv og kultur på 1700-tallet, 2025

Visste du at Noregs første professor i samiske språk var frå Lepsøya?

Tidlegare journalist Kjetil Tandstad har skrive artikkelen om presten Knud Leem (1697–1774) som la grunnlaget for det nordsamiske skriftspråket, ei tid før fornorskingsprosessane hardna til.

Om kyrkjebrannar på Sunnmøre
av Oddbjørn Hofseth

Faksimile Sunnmørsposten 2. januar 1993. Døme på tidleg vakthald i Borgund kyrkje, kort tid før Greven vart offentleg kjent.

Kyrkjene er landemerke, kulturminne og samlingspunkt. Kvifor har dei også blitt utsette for brann og hærverk? Historikar Oddbjørn Hofseth utforskar temaet.

Hvordan påvirket krig og okkupasjon skipsverftene på Sunnmøre (1940-1945)
av Eirik Holmen

Svart-kvitt fotografi av seks menn i arbeid på dekket av ein båt ved hamna.
Tyske matroser skreller poteter mens skipet deres ligger til kai ved Ålesunds største verft, A.M. Liaaen. Foto: Kurt Reischmuth/ Jan Olav Flatmarks samling.

Var forholdet mellom norske skipsverft og okkupasjonsmakta meir samansett enn vi har trudd? Historikar Eirik Holmen presenterer resultat frå forskinga si på fylket sitt største stålskipsverft under krigen.

Da Oxford kom til Volda.
av Kjell-Arild Madssen

Frå Høsbjør-møtet ved Hamar, den første store Oxford-samlinga i Noreg hausten 1934. Initiativtakar C.J. Hambro lengst til høgre, leiaren amerikanaren Frank Buchmann sitjande i midten, forfattaren Ronald Fangen ståande. Lengst til venstre truleg Buchmans medarbeidar Loudon Hamilton. Foto: skjermdump nb.no / Mowinckel, S., «Oxfordbevegelsen i Norge», bind 1, Blix Forlag, Oslo, 1935

Korleis kunne Oxford-rørsla som mange oppfatta som urban og elitistisk få eit så sterkt fotfeste i Volda? Kjell-Arild Madssen undersøker korleis den internasjonale Oxford-rørsla fekk gjennomslag ved lærarskulen i Volda i 1936.

Linefiske på 1970-tallet
av Torbjørn Bugge

Pigghåfiske, antageligvis på Shetlandsbankene. Bildet er tatt ombord i den første Brimøy ca. 1970, før de fikk egnemaskin. Jeg var med dette fartøyet i 1973. Foto: Jan Bugge, ca 1970.

1970-talet er ikkje lenge sidan. Kvifor er då så mykje av kunnskapen frå kysten i ferd med å gå tapt? I artikkelen tek tidlegare fiskar Torbjørn Bugge oss med inn i ein kvardag prega av linefiske, risiko, fellesskap og sterke band over Nordsjøen til Shetland. Det er ei påminning om kvifor nyare kysthistorie må dokumenterast.

Til forhistoria i Giske, med arkeolog Heidi bak rattet
av Ingvil Eilertsen Grimstad

Arkeolog Heidi Albertinesdatter Haugene har vore mykje i felt. Her er ho på utgraving i Sverige i 2001. Foto: Privat

Bli med ein arkeolog på tur! Ingvil Eilertsen Grimstad har vore på Giske-øyane ilag med kollega i Viti og arkeolog, Heidi Haugene.


FAGFELLEVURDERTE ARTIKLAR

Kirken ved prestegårdslåven
av Gitte Hansen

Kan gamle feltnotatar gje ny kunnskap om kyrkja under låvebrua i Borgund? I den vitskaplege artikkelen « Kirken ved prestegårdslåven” viser Gitte Hansen korleis feltnotat, foto og arkivmateriale frå 1953, kombinert med moderne kart- og GIS-teknologi, kastar nytt lys over ei lenge oversett mellomalderkyrkje i Borgundgavlen. Ill 9: Arkeolog Signe Marie Midtgård frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Gitte Hansen ved prestegårdslåven 10. mars 2026. I bakgrunnen låvebrua. Foto: Ukjent

Kan gamle feltnotatar gje ny kunnskap om kyrkja under låvebrua i Borgund?
I denne vitskaplege artikkelen viser Gitte Hansen korleis feltnotat, foto og arkivmateriale frå 1953, kombinert med moderne kart- og GIS-teknologi, kastar nytt lys over ei lenge oversett mellomalderkyrkje i Borgundgavlen.

Frå strøm til lys i leia. Ord, fyr og den sunnmørske kommunikasjonsrevolusjonen
av Knut Baar

Hans Strøm la eit viktig grunnlag for den sunnmørske kommunikasjonsrevolusjonen. Hans Strøm sitt handteikna kart over Sunnmøre, publisert i hovudverket frå 1762. Faksimile: etter original i Gunnerusbiblioteket, NTNU

Finns det ein samanheng mellom Hans Strøm ( (1726–1797) sitt dokumentasjonsarbeid på 1750-talet, og veg- og fyrbygginga dei følgjande hundreåra? Ja, meiner historikaren Knut Baar. I denne vitskaplege artikkelen argumenterer han for at utviklinga bygde på arbeidet til Hans Strøm, Aarflot-miljøet og Ivar Aasen.